Kaffestova

Kaffestova i Bodø Sist oppdatert 10.11.2016

KAFFESTOVA i Bodø

 

Av: (Bondeungdomslaget i Bodø 1932 – 1976 pdf)

 

Alt same året som Bondeungdomslaget vart skipa dukka ideen om at laget skulle ta initiativet til ei kaffistove opp. På styremøtet 1.juni 1932 er spørsmålet om kaffistove ei av sakene. Deretter går det fort. På styremøtet 19.september vert lærar Norum og lærar Strømme valgt til å førebu saka. 11.november presenterer dei planane på lagsmøtet den kvelden. Med enkelte justeringar vert det vedtatt å arbeide vidare med kaffistovesaka.

Neste gang saka vert lagt fram for medlemmene er på lagsmøtet 7.februar året etter. Etter ein lang debatt der mange tok ordet vart det vedtatt, mot ei stemme, å gå inn for å starte opp med kaffistove i Bodø. Slik var sakshandsaminga den gang i ei så stor og viktig sak for laget - rask og effektiv. For å få startkapital tok BUL opp eit lån på 2000 kr. i Oslo Nye Sparebank, med BUL Oslo som kausjonist. Med i andelslaget var også Salten Ungdomslag (fylkeslaget) og fleire einskildlag i Salten. Bakgrunnen for Kaffestova i Bodø, som for mange andre kaffistover som dukka opp i mellomkrigstida, var at det skulle vere eit tilbod til landsungdom som busette seg i byen. Kaffistovene skulle servere tradisjonsrik god norsk mat for ein rimeleg penge, og samstundes vere ein stad der ein kunne møtes. Servering av alkohol var ikkje tillatt.

Flere år før BUL,s Kaffestover drev Saltens ungdomslag denne som lå i 2. etg i en bygning ovenfor torvet, omtrent der vi nå har O.Johansons bygg ved dagens torv. se Facebook

I denne bygningen åpnet laget sin første Kaffestove i i 1932. Bygningen var Samvirkelagets første eget forretningsbygg i byen og lå i det som nå heter Anna Benoni parken, Storgata 50/52, altså på motsatt side av Bankgata i forhold til dagens Sambogården. I 1940 ble bygget totalt ødelagt under bombingen av byen.

Oppstart i 1933

 

Etter oppstarten i 1933 gjekk det høveleg bra med drifta. Laget leigde lokalene til styremøter og lagsmøter og mat til ymse arrangement vart også levert fra ”Stova”. Ein skal ikkje stikke under ein stol at Kaffestova førte til ein del meiningsforskjeller og til dels usemje i laget, men noko anna ville vel vore unaturleg, så stort tiltak som dette tross alt var.

Så kom krigen og 27.mai vart forretningsbygget til Samvirkelaget der Kaffestova heldt til bomba og lagt i grus. Dette førte sjølsagt til at det vart stopp i drifta. I november same året vart det kalla inn til møte for å finne ut kva ein skulle gjere med situasjonen, men frammøtet var svært dårleg og møtet vart avlyst. Ein hadde kanskje andre ting å bekymre seg for i dei dagar.

I Samvirkelagets nye bygg etter krigen, åpnet Kaffestova i 2. etg. nok en gang i 1949, hvor de holdt på frem til 1962

Etter krigen

 

Men Kaffestova fekk krigsskadeerstatning som vart sett inn på konto i Bodø Sparebank. I 1946 vart igjen arbeidet med Kaffestova tatt opp att av representantar fra BUL, bestyrer Ingvald Sand og heradsagronom Jakob Sneli. Det vart innkalla til møte der det møtte representanter fra fleire av ungdomslaga i Salten. Nytt styre vart valgt og ein kunne sette i gang att. Litt seinare kom også Bondelaget og Samvirkelaget med som interessenter i Kaffestova.

I 1949 var ”stova” på plass att i dei nybygde lokalene til Samvirkelaget. Dei første åra etter oppattstartinga gjekk drifta bra og det kunne også betalast ut litt avkastning til aksjonærane. På slutten av femtiåra byrja det å gå dårlegare. Omsetninga gjekk ned og det vart underskot i drifta. Eit par tre år på byrjinga av sekstitalet var Kaffestova ute av drift.

I Samvirkelagets nye bygg etter krigen, åpnet Kaffestova i 2. etg. nok en gang i 1949, hvor de holdt på frem til 1962

Siste kapittel

 

Siste kapitlet i Kaffestovas historie starta i 1965. Kaffestova starta da oppatt i nye lokaler i Storgata 13 – 15. Dette var eit nybygg som stod ferdig det året. Tomta tilhøyrde Kaffestova og dette vart omgjort til ein andel i forretningsbygget. Å vere med i eit slikt selskap er sjølsagt ikkje lett for eit idealistisk lag, og det viste seg snart at det langt fra var idealisme som dreiv dei andre eigarane i bygget. Kaffestova miste først møtelokalet i kjellaren og seinare også eit lokale i fjerde etasje. Dette var lokaler som BUL brukte til å halde sine møter i.

Etter å ha gått bra i starten byrja det etter kvart å gå dårlegare med kafedrifta. Dei andre som hadde andelar i Kaffestova trakk seg etter kvart ut av drifta og overlet andelane nesten gratis til BUL.

Til slutt hadde BUL over 90% av andelane og fekk dermed eineansvar for drifta av Kaffestova. I takt med den negative utviklinga vart det nok mange vakenetter og grå hår for dei som var med i styret for kafedrifta. Det vart prøvd med ymse rasjonaliseringstiltak og lokala vart leigd ut til bingo, komfirmasjon, bryllup og andre arrangement. For å spare arbeidskraft vart det lagt ned betydelig dugnadsinnsats frå medlemmene i BUL. Opptil fleire kvelder i veka var medlemmene vertskap for dei ulike arrangementa - som hovmestere, servitørar, kjøkkenpersonell og rydde- og vaskehjelper. At dette kom i tillegg til Erlingbuvakter og framsyningsdansing på Turisthytta i sommarhalvåret seier vel sitt om innsatsen til medlemmene den gang.

Dessverre vart det berre ein utsettelse av det uunngåelige - konkursen var eit faktum i 1976. Også her viste ”kapitalkreftene” sitt sanne ansikt, så i tillegg til konkursen mista BUL også eigeandelane laget hadde i bygget. Mange sakna nok Kaffestova da ho var vekk, både medlemmene og byens befolkning. ”Stova” var eit kjent begrep i byen, men tidene hadde forandra seg. Tilflytta skolelever som bodde på hybel og som regel var faste gjester på Kaffestova hadde fått skolekantiner der dei kunne kjøpe billeg mat. I tillegg dukka det opp fleire og fleire kafeer med skjenkeløyve som nok lokka mange gjestar til seg. Tida for Kaffestova var ute.